Tekst Større | Mindre
Gå til innhold

Søk

Velg språk

NORSK DESIGNRÅD

Nyheter og informasjon

Nyheter og informasjon

Du er her:



Nytt styre for Norsk design- og arkitektursenter

Nærings- og fiskeridepartementet har oppnemnd styre for den nye stiftelsen Norsk design- og arkitektursenter. Sigrun Vågeng er styreleiar.

– Det er eit kompetent og slagkraftig styre som vil gjere ein god jobb for å få den nye organisasjonen på plass. Det blir spennande å følgje koplingane mellom design, arkitektur, næring og samfunn framover. Eg ønsker dei lykke til med arbeidet, seier næringsminister Monica Mæland.

Styret skal nå førebu etableringa av stiftelsen Norsk design- og arkitektursenter. Det inneber i praksis at Norsk Designråd og Norsk Form blir slått saman.

– Styret har fått i oppdrag å arbeide med å bygge opp ein ny organisasjon, og tilsette ein ny administrerande direktør. Styret skal gå inn i eit tett og godt samarbeid med leiing, tilsette og tillitsvalde i Norsk Designråd og Norsk Form for å få på plass den nye organisasjonen, seier Mæland.

Styret for Norsk design- og arkitektursenter har følgjande samansetning:

  • Sigrun Vågeng (styreleiar)
  • Lars Ivar Røiri
  • Katinka von der Lippe
  • Gisle Løkken
  • Anne Lisæth Schøyen
  • Representant frå dei tilsette

Styret skal førebu etableringa av senteret med verknad frå 1.mai 2014. Styret er det øverste organet for stiftelsen og skal leie verksemda i samsvar med vedtekter og retningslinjer. Styret er ansvarleg for senteret sin strategi, årlege arbeidsplanar, budsjett, årsrekneskap og årsmelding.

Opprettinga av Norsk design- og arkitektursenter vart varsla av Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett i 2013. Les meir her.

Meir om styret:

Sigrun Vågeng (1950, Kristiansund) var administrerande direktør i KS frå 2009 til 2013, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO frå 2001-2009. Ho er nestleiar i styret for Helse Sør-Øst.

Lars Ivar Røiri (1961, Oslo) er siviløkonom og konsernsjef i Scandinavian Business Seating AS. Røiri er styremedlem i Norsk Designråd.

Katinka von der Lippe (1968, Oslo) er lead designer i Eker Design/Hydrolift, med master i industridesign frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

Gisle Løkken (1963, Tromsø) er arkitekt og partnar i arkitektkontoret 70grN.

Anne Lisæth Schøyen (1966, Bergen) er seniorkonsulent i Creuna. Ho er utdanna arkitekt, med ein doktorgrad frå NTNU, og har vore professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho har tidlegare erfaring frå PwC og har vore direktør i Bring Logistikk, Posten Noreg.

Pressemelding på regjeringen.noPUBLISERT 24.01.2014 11:49

Legg til:

  • Facebook
  • Twitter
  • Delicious
  • Digg
  • Reddit
  • StumbleUpon

Last ned bilde