Videreføring av designsatsning
NHD satser på design også i statsbudsjettet 2010. Her fra budsjettlekkasjen i forbindelse med fjorårets statsbudsjett.
Regjeringen satser på design også i statsbudsjettet 2010 og foreslår tildeling til Norsk Designråd på 36 millioner, hvorav 10 millioner er øremerket til å videreføre satsningen på Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP). Dette er det samme beløpet som det som ble tildelt for 2009.
Fra NHDs pressemelding, 13.10.2009:
Vidareføring av satsing på design
– Eg jobbar for at design skal settast på dagsorden i alle delar av næringslivet – i store, små og mellomstore verksemder i alle bransjar, hos leiarar og medarbeidarar, og ikkje minst i styra, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.
10 millionar kroner går til vidareføring av designdreve innovasjonsprogram (DIP). Designdreve innovasjonsprogram er ei satsing som starta i 2009 for å stimulere verksemder til å tenke design heilt frå idéfasen og fram til produkta er klare for marknaden.
– Eg er viss på at designdreve innovasjonsprogram kan vise næringslivet korleis designdreve innovasjon både kan bidra til å auke innovasjonsevna og auka lønsemd i verksemdene, seier Brustad.
Design er eit verktøy, særleg når det blir kopla tidleg inn i produktutviklinga. Det handlar både om å fange merksemda til kjøparane, og om å fylle behova til brukarane på ein betre måte.
Det er mange gode døme på at designkompetanse saman med teknisk kunnskap og god forståing av marknaden gjev nye og lønsame innovasjonar. Det som kjenneteiknar dei mest framgangsrike verksemdene er at dei tilfører designkompetanse i heile uviklingsprosessen frå idé, gjennom produksjon til kommersialisering.
Fra NHDs pressemelding om statsbudsjettet. Les alle sakene her.

Se også video på NHDs nettside hvor ståtsråden presenterer forslaget til statsbudsjett.