Sogn og Fjordane er unike på design!
Moods of Norway har vekt stor internasjonal merksemd - 31 000 treff på Kvasir. Ricco Vero kler opp motemedviten ungdom. Busser fra Vest Busscar er på alle norske vegar. Løkeland Crabs møter oss i taxfreen på Gardermoen. Designarar frå Paris har etablert seg i Dale i Sunnfjord. Snart er Sogndal attende i Tippeligaen og gamalosten frå Vik lever.
Lista over gode designdøme frå Sogn og Fjordane kan multipliserast med ti og om få år med ti igjen! Det er desse døma og fleire til som gjer fylket unikt i designsamanhang.
Sidan 1998 har Innovasjon Norge, Norsk Designråd og Stryn Næringshage samarbeid om å spreie forståing for design og om å dra i gong designprosjekt i versemdene i fylket. So langt kan vi vise til mange framifrå døme på lønsam og god design.
Fred Pedersen, rådgjevar i Norsk Designråd i Oslo har fulgt designsatsinga sidan starten i 1998 og seier at få fylker kan vise til så mange vellukka designprosjekt som Sogn og Fjordane. Fleire prosjekt er under arbeid og enda fleire vil bli starta i åra som kjem. Velkvalifiserte designbyrå har vakse fram mellom anna i Sogndal, Eid og Stryn.
Medviten satsing på årlege Designdag og designmesser er ei av forklaringane på dette.
Sogn og Fjordane peikar seg særleg ut med sterk sating på design i skuleverket. Denne satsinga er unik og gjer at skular og utviklingsmiljø andre stader i landet tek kontakt og søkjer kunnskap om det som skjer her i fylket.
På Designdagane i Loen 31.01-01.02.07 vil ein setje søkelys på ulike sider av design med døme frå fylket og resten av landet.
Se også www.diff.no.
Kontakt